Skip to main content

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga

- besøker Badeparken i Drøbak

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har endeleg slege seg saman att for eit nytt projekt! Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.

Badeparken i Drøbak 1. juni 2024
- samme kveld kommer også Amund Maarud

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga + Amund Maarud
Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. Den 1. juni kjem dei til Drøbak og spelar opp med låtar fra sitt doggfriske album «Langt heimafrå», ei plate delvis spelt inn i Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget. Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt – lenge nok.

Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til den rike folkemusikkarven dei begge har med seg fra barndommen. Men musikken deira når likevel langt utover fjellheimen i VInje. Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.

Spellemannpris-vinner Amund Maarud har vært en ledende stjerne på den norske blues/ rock/impro-scenen i over to tiår. Sjangernysgjerrighet har blitt et varemerke for den svært aktive gitarvirtuosen. Han er født i 1981 i Skogbygda, Nes på Romerike, og siden han var 2 år gammel har gitaren hengt fast ved han.

Amund fant bluesen i en alder av 10 år og har aldri sett seg tilbake.

Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med særdeles god smak – dei er nemleg kvarandres største fan.